onsdag, april 26, 2006

Plokka plommor i Hardanger

Hei og hå!
Det gledar ein enkel sunnmøring å sjå at etterspurnaden no er på bristepunktet, og her er eg altså igjen, med nokre små anekdotar frå livet som Sverre. Sidan sist har det skjedd både det eine og det andre. Molde FK har til dømes sikra seg nok eit poeng (utan å score mål), Daniel Berg Hestad har blitt ferdig med karantena si, og ikkje minst: Solfrid og eg har fått oss jobb i Norheimsund! Ikkje nok med det, vi takkar ja, og tar turen tilbake til det herlige Vestlandet når sommaren er på hell. Vår nye arbeidsstad er Framnes vgs., midt i hjartet av Hardanger. Vi har stor tru på at dette blir aldeles superbt, og ser fram til eit nytt og spennande kapittel i livet! Ingenting ville glede oss meir enn om folk flest tar turen innom på besøk, enten det er for å plukke plommer, stå på ski, bli kjent med den hardangerske folkesjela eller rett og slett for å treffe oss! Biletet under burde vere meir enn nok til å freiste kven som helst.



Elles lova eg jo å publisere nokre høgdepunkt frå vår deilige påskeferie på Sunnmøre. Etter å ha sortert vekk nokre av dei mest kompromitterande bileta vel eg no å gå til det skritt å gjere alvor av lovnaden. Desse bileta bør også vere av ein slik karakter at ein får lyst til å setje seg i bilen/på toget/på flyet for å oppsøke stadane som kjem til syne. Say no more.






torsdag, april 13, 2006

Påskeferie - gode tider


Hei igjen!

Vel tilbake hos mor og far på Stranda, etter 4 fabelaktige dagar i Tajordfjella. Litt endring av planar undervegs førte til at ruta blei Billingen-Torsbu-Veltdalshytta-Danskehytta-Grotli. Veret var nesten upåklageleg, noko ei herleg raud nase er det mest iaugefallande provet på... Biletet viser Veltdalshytta, i hjartet av Tafjordfjella - ein deilig plass på jord! Fleire bilete vil etter alt å døme bli publisert her etter kvart, så snart dei har passert ein streng sensur...

Elles var det med glede eg kunne registrere naudradioen Torsbu var utstyrt med, då vi kom fram omlag ved pausetid i den første serierunden. Gleda skulle etter kvart vise seg å bli endå større, då radiosporten kunne fortelje at så godt som alle måla kom rette vegen i Molde by. Serieleiing med 2 poeng etter ein runde må vel vere noko nær verdsrekord, og gjer førebels Østreim sitt tips om ei tosifra plassering for MFK til skamme. Medan eg framleis ventar på at Start og over halvparten av dei andre laga i Tippeligaen skal score sitt første mål, aktar eg å feire påske med fynd og klem og oppfordrar alle andre til å gjere det same! Ha ei fortryllande påske! Yours, S.

søndag, april 09, 2006

Trygt heim med SAS Braathens


Kjære blogg-lesarar!
Om det skulle vere nokon som helst tvil: SAS Braathens klarte i dag det kunststykket å frakte både Solfrid og meg trygt frå Kjevik til Vigra, via Gardermoen. Det er sanneleg ikkje verst, og langt unna det mannen i gata ville sett sparepengane sine på i går. Men no er vi altså heime, etter at Marie sørga for ein knirkefri sisteetappe i Astraen frå Ålesund til Tegane 66. I skrivande stund har både Marie og Solfrid gått inn for landing i senga, og eg kan vel ikkje vere særleg snauare. Det er trass alt berre knappe 6 timar til klokka ringer og vi skal legge Tafjordfjella for våre føter med ski på.

Mitt kjære deportivo måtte dessverre ta den tunge vegen ned i 7.divisjon i dag, trass i ein råsterk 9-1-siger på bortebane i siste kamp. Kaptein Jensen gjekk føre med hattrick, men det heldt altså ikkje likevel. Framtida ser likevel lys ut, og med mange spennande unggutar i stallen kan vegen fort bli kort tilbake til gjevare selskap.

Elles går startskotet for Tippeligaen i morgon, med Molde Fotballklubb i ein av hovudrollane. MFK ser i år ut som ein soleklar kandidat til øvre halvdel av tabellen, og mykje skal gå gale om ikkje ein 7.plass skal vere innan rekkevidde, såvidt slått av Start på ein flatterande 6.plass. Du så spennande det skal bli! Tipsa for første serierunde må bli følgjande:
MFK-TIL H
LSK-RBK U
Start-Lyn H
VIF-Odd U
HamKam-Viking U
Stabæk-Sandefjord H
FFK-Brann B

Ei fortryllande påske ønskjer eg til alle som måtte vere innom her. Ta ein ekstra kikk på biletet, så ser de korleis mi påske etter alt å døme blir sjåande ut:)

Dykkar i æva,
Sverre