torsdag, september 28, 2006

Fakta om Norheimsund - del 2

Der er du igjen ja - velkomen skal du vere!

Eg lova dykk meir harde fakta om Norheimsund, og sidan eg er ein mann som står ved mine ord kan eg no stolt presentere del 2 i denne serien. Om det blir fleire delar vil mellom anna avhenge av responsen. Vil folket ha meir Norheimsund-kunnskap, eller nærmar det seg eit metningspunkt når de er ferdig med dette innlegget?

Nuvel, la oss likegodt fyre avgarde. I førre innlegg blei ordførar Sellesvold via merksemd, men noko meir om det kommunale regimet her i Kvam blei ikkje avslørt. Det folk flest i dette landet kallar kommunestyre, kallar ein her for heradsstyre - eit flott ord om eg skal seie det sjølv! Heradsstyret i Kvam er samansett av 27 representantar. Ap og Sp er dei største partia, med 6 representantar kvar. Vidare har KrF og Høgre fire kvar, medan SV, Venstre og Frp har 2 kvar. Heilt åleine er ein uavhengig representant, førebels usikker på kva han får utretta...



Når det gjeld arbeidsløysa i kommunen, verkar situasjonen å vere under kontroll. Eg har førebels ikkje møtt ein einaste arbeidsledig, og noko kø på aetat har eg heller ikkje registrert. Kvemmingane (folkesetnaden her blir kalla det) er nok eit folkeslag som alltids finn seg noko å gjere om det skulle knipe. Barnehagedekninga i kommunen er eg meir usikker på, men eg har heller ikkje sett nokre små barn tulle rundt på eiga hand, så det ser ut til at også dette er teke godt hand om av heradet.

Noko eg derimot er sikker på, er det lokale fotballaget Norheimsund IL Hardanger si tabellplassering i 3.divisjon, avdeling 15. Etter ei relativt respektabel innleiing på sesongen, har det butta kraftig imot dei siste rundane, og med seks strake tap har det unge mannskapet rota seg inn i botnstriden, og ligg i skrivande stund tredje sist berre to rundar før slutt. Håpet er å snu trenden og gi Loddefjord bank til helga - då er plassen sikra. Skulle den planen skjere seg kan ein risikere å måtte slå topplaget Voss borte i siste runde. Det er førebels uavklart om to eller tre lag rykker ned. Det blir mellom anna bestemt av kor mange lag frå Hordaland som rykker ned frå 2.divisjon. O spenning - oppdatering på utfallet av dette dramaet får du sjølvsagt eksklusivt her! Men først er det haustferie:)

mandag, september 18, 2006

Fakta om Norheimsund

Kjære vener av Hardanger!

No har vi budd i Norheimsund i noko over ein månad, og eg byrjar å føle meg kompetent til å lære dykk eit og hint om bygda, som de kanskje ikkje visste frå før.

For det første bør det nemnast at Norheimsund er ein del av Kvam kommune, eller herad som det heiter her. Norheimsund konkurrerer med Øystese, som ligg ein 5-minutts biltur unna, om å vere kommunesenter. Rådhuset ligg i Norheimsund, eit opplagt kriterie for å bli kommunesenter. På den andre side ligg jo bowlingen i Øystese, og det gjer meg noko meir i tvil igjen. Andre tettstader i kommunen er mellom anna Vikøy, Ålvik, Tørvikbygd, Omastrand og Strandebarm. Totalt bur det om lag 8300 innbygjarar i Kvam herad, men her snakkar vi vekstkommune, der lokalpolitikarane har klemt til med ei målsetjing om å runde 10000 innbyggjarar i løpet av nær framtid.


Ordføraren i kommunen heiter Astrid Farestveit Selsvold (Ap). Trass i at kommunen etter måten er liten og oversiktleg har eg framleis ikkje møtt denne dama, men ut frå trivselnivået eg kjenner til mellom kommunen sine innbyggjarar, tek eg det for gitt at ho gjer ein heilt topp jobb. Eit svært tillitsvekkjande trekk er det at ho har sin eigen blogg! Den kan du ta ein nærmare kikk på her

Dette var berre litt innleiande informasjon om tilhøva i Norheimsund og Kvam. Eg lovar å kome tilbake med meir informasjon arbeidsløyse, barnehagedekning, tabellposisjon for det lokale fotballaget osv.


Til slutt vil eg berre påpeike at vi allereie har hatt besøk av opptil fleire her, og eg finn det merkeleg at Anette i nord trekk besøkstalet i tvil. Kan det ha noko med eigne erfaringar å gjere?