onsdag, mars 29, 2006

Svar til klagemåla


Gode medmenneske! Etter klagemål og raljering over den latterlege oppdateringsfrekvensen på denne bloggen, vel eg no å gå til det skritt å love hyppigare oppdateringar. Eg har allereie starta. Den grovaste sjikanen måtte eg tole frå Steinar, som ikkje ein gong har somla seg til å lage ein eigen blogg. Oppfordringa er med dette ein realitet. Med det same vil eg nytte høvet til å gratulere den godeste Breen med ein smått sensasjonell siger for hans disiplar i N5 1BU, over det lovande mannskapet til deportivo langenes på Ashburton Grove denne onsdags ettermiddagen. Kjekt for han dette, og spesielt artig var det jo at Bjørnar Vikane fann tilbake til gamle takter!

Elles merkar eg meg også at Marie stadig ventar i spaning på kva som skjer på denne bloggen. Som ho heilt korrekt har observert, er det heller lite. Men no ventar altså nye, og langt betre tider! Må jo ha noko å skryte av når vi saman skal vandre gjennom dei deilige Sunnmørsalpane om kun kort tid. På denne turen reknar eg med å gjenta bedrifta, eller i alle høve nesten, som blinkskotet her viser.

Klarar ikkje å dy meg for å skryte litt av "Zbigniew Bonieks venner" - quizlaget vårt som gjekk til topps på fotball-quizen på Østsia i går. Takka vere solid innsats og enorm viten blei Umbro-jakkene våre med ein margin på heile 0,2 poeng til neste lag. At det var berre 4 lag som stilte er det vel ingen som bryr seg med...:) Nuvel, bør vel avslutte med dette, for ikkje å legge lista for høgt med tanke på lengden i mine no stadig hyppigare drypp frå kvardagen. Over og ut.