tirsdag, juni 20, 2006

Endelig tilbake!

Hei igjen!
Fylt av skam over latterleg dårleg oppdateringsfrekvens vågar eg meg på nytt ut i den spanande og rike blogg-verda. Sidan sist har blogg-verda faktisk blitt ein attraksjon rikare, då Steinar gjekk til det skritt å lansere si breenmachine. Gratulerer Steinar! (det var på tida, he-he...)

I desse deilige VM-tider er det vanskeleg å kome utanom fotballen. Så langt har det vore ei sann glede for ein konservativ fotballentusiast å registrere at normaliteten er nokon lunde oppretta, etter det famøse meisterskapet i Asia for fire år sidan. Eg må innrømme at eg er tilhengar av at lag som Sør-Korea ikkje spelar semifinale (det kan vi forsåvidt framleis ikkje utelukke, men tvilar, det gjer eg). No er eg likevel ikkje meir konservativ enn at eg kan glede meg over artige overraskingar, så lenge det skjer på kostnad av dei riktige laga... Det ville til dømes glede meg stort dersom Tsjekkia skulle banke Italia - så vi kan bli kvitt Italia først som sist. Eg høyrer heller ikkje med til dei som har lagt sin elsk på Brasil. Vel og merke er dei kapable til å spele fin offensiv gladfotball, men eg fiksar det ikkje heilt uansett. Moglegvis har det med å gjere at eg kanskje kunne tenke meg ein ny verdsmeister denne gongen (kva med England?), eller at eg ganske enkelt er lei av det evige maset i media om kor stor favoritt Brasil er. Er dei verkeleg det? Eg meiner nei.

Dei to første VM-vekene har bydd på mange minnerike hendingar. For å gi dykk eit lite innblikk i Sverre si VM-verd vil eg dele nokre få:

1) Italia-USA: I seg sjølv ein minnerik kamp, med herlig naiv fotball av USA, ein pinleg seanse av Italia og heile tre utvisningar. Det var likevel vår gode venn Scheie som stod for høgdepunkta då han til heile det norske folk kunne forkynne at sidekommentator Løken spradar rundt i ei italiensk landslagstrøye der nede i Tyskland, og meinte at Løken nok hadde eit spesielt forhold til Italia. Løken, stakkar, blei tydeleg brydd - først blei det berre stille, før kontoristen forsiktig fekk presisert at han hadde då ikkje gått i den trøya kvar dag. Festlig.

2)England-Trinidad&Tobago: Eigentleg ein fæl kamp i 80 minutt, heilt til Liverpool avgjorde med to kjappe mål. Då gjorde det ikkje all verda at Crouchy koste litt med hestehalen til trinidadaren.. Krona på verket var Stevie G sitt kremmerhus, som Matta ville kalla det. Stevie G følgde dessutan opp med ny goal mot svenskane i kveld, og med det slapp England unna det tyske spøkelset. Kva skulle eigentleg England gjort utan Pool-gutta?



3)Philip Lahm. Du verden for ein back! Ei openberring for meg, og eg tar sporenstreks sjølvkritikk på at eg ikkje har sett meir Bundesliga på NRK gjennom vinteren. Måtte berre Chelski ligge unna denne mannen - han er per dato større enn Roberto Carlos, og ein god del år yngre. Eigentleg fortener heile det tyske laget kreditt for offensiv gladfotball. Det var ikkje slik eg kjente Tyskland frå nokre år tilbake. Eg er redd tyskarane tar trofeet, men har eit ørlite håp om at England blir motstandar i finalen. O spenning!

Høgdepunkta er sjølvsagt mange fleire, men nok får vere nok for denne gong - kanskje deler eg fleire av dei før VM er omme. Følg med, følg med!

4 Comments:

Blogger anette said...

Gratulerer med dagen sverre! Sånn litt på etterskudd...:) Håper du hadde en forrykende flott dag!!klemma fra ho anette

17:32  
Blogger Marie i byen said...

jeg gadd dessverre ikke lese alt du skrev om fotball-vm, men jeg sier bare "jippi" - fotball-vm er over for denne gang :-) 2 år til neste tv-streik vil jeg nesten kalle det... Selv om jeg egentlig ikke hadde sett noe særlig på tv uansett den perioden... Men jeg så finalen da. Heia først på Italia siden resten heia på Frankrike, så syntes jeg Frankrike var mer sympatiske og heia på de, så kom Zidane med sitt tåpelige hode og da heia jeg på Italia igjen, men så fikk jeg litt medlidenhet med Zidane, og heia egentlig ikke på noen, og for å være helt ærlig så hadde ikke livet mitt blitt verken fattigere eller rikere uansett hvem som hadde vunnet...! Men god sommer Sverre, håper dere koser dere på Færøyna og ellers i nord-vest!

18:35  
Blogger ~RunE~ said...

Kanskje det snart er på tide å tørke støv av tastaturet??? Vil gjerne få et innblikk i livet atmed fjorden. I år!!

08:21  
Anonymous Anonym said...

This is very interesting site... »

14:49  

Legg inn en kommentar

<< Home