mandag, januar 08, 2007

Sveitsisk førjulstrivsel!

Kva gjer lærarar med all denne ferien? Solfrid og eg er nye i gamet, så vi har ikkje full oversikt enno. Likevel valte vi å utnytte den uanstendig lange juleferien vår til eit høgdeopphald i ein liten sveitsisk landsby ved foten av Matterhorn. Raude blodlekamar skulle produserast, pudder skulle pumpast og ferien skulle nytast i fulle drag. Vi tok turen til Zermatt, heilt sør i Sveits - der vinteren var på plass og livet var godt å leve - o trivsel!

Elles fungerte det optimalt å kome tilbake til ferdig dekka julebord i Nordtjønnåsen lillejulaften...
Jula blei heilt topp, og vel tilbake i Norheimsund har vi allereie kasta oss over rettebunkar og planleggsarbeid, medan vi framleis ventar på snøen...



























tirsdag, desember 12, 2006

Godhet og godhet, fru Blom

Øystein Hedstrøm skriv bok seier ryktet. Han har visstnok god tid - må vente på at Carl gir ut si bok, så han får det siste ordet. Den som ler sist sist, ler som kjent best.

Hedstrøm har valt arbeidstittelen 'Godhetens pris'. Kva er poenget med å vere beskjeden?

torsdag, november 09, 2006

Ein tur gjennom Setesdalen...





...er definitivt undervurdert. Stadnamna får tankane til å gå til Oddgeir Bruaset sin flotte reportasjeserie "Der ingen kunne tru at nokon kunne bu". Kvifor besøkte du aldri Setesdalen Oddgeir? Kvifor?

onsdag, oktober 25, 2006

Men bloggen var ikkje død - ei heller Crouchy

Hoi!
Eg lever og har det godt i Hardanger! Eplehausten har vore god, og eg har sett det største eplet nokon sinne. For dei som framleis ventar i andelaus spenning kan spenninga no utløysast: Norheimsund IL Hardanger berga plassen i 3.divisjon - den vonde trenden blei snudd, og med seks poeng på dei to siste kampane klatra dei til ein plass noko nær midten av sluttabellen.

Til glede for dykk lesarar vil eg gjerne dele ein fantastisk liten sak om bautaen Peter Crouch - og korleis ein kan ha nytte av ein tometers kropp. Ta ein kikk her

torsdag, september 28, 2006

Fakta om Norheimsund - del 2

Der er du igjen ja - velkomen skal du vere!

Eg lova dykk meir harde fakta om Norheimsund, og sidan eg er ein mann som står ved mine ord kan eg no stolt presentere del 2 i denne serien. Om det blir fleire delar vil mellom anna avhenge av responsen. Vil folket ha meir Norheimsund-kunnskap, eller nærmar det seg eit metningspunkt når de er ferdig med dette innlegget?

Nuvel, la oss likegodt fyre avgarde. I førre innlegg blei ordførar Sellesvold via merksemd, men noko meir om det kommunale regimet her i Kvam blei ikkje avslørt. Det folk flest i dette landet kallar kommunestyre, kallar ein her for heradsstyre - eit flott ord om eg skal seie det sjølv! Heradsstyret i Kvam er samansett av 27 representantar. Ap og Sp er dei største partia, med 6 representantar kvar. Vidare har KrF og Høgre fire kvar, medan SV, Venstre og Frp har 2 kvar. Heilt åleine er ein uavhengig representant, førebels usikker på kva han får utretta...



Når det gjeld arbeidsløysa i kommunen, verkar situasjonen å vere under kontroll. Eg har førebels ikkje møtt ein einaste arbeidsledig, og noko kø på aetat har eg heller ikkje registrert. Kvemmingane (folkesetnaden her blir kalla det) er nok eit folkeslag som alltids finn seg noko å gjere om det skulle knipe. Barnehagedekninga i kommunen er eg meir usikker på, men eg har heller ikkje sett nokre små barn tulle rundt på eiga hand, så det ser ut til at også dette er teke godt hand om av heradet.

Noko eg derimot er sikker på, er det lokale fotballaget Norheimsund IL Hardanger si tabellplassering i 3.divisjon, avdeling 15. Etter ei relativt respektabel innleiing på sesongen, har det butta kraftig imot dei siste rundane, og med seks strake tap har det unge mannskapet rota seg inn i botnstriden, og ligg i skrivande stund tredje sist berre to rundar før slutt. Håpet er å snu trenden og gi Loddefjord bank til helga - då er plassen sikra. Skulle den planen skjere seg kan ein risikere å måtte slå topplaget Voss borte i siste runde. Det er førebels uavklart om to eller tre lag rykker ned. Det blir mellom anna bestemt av kor mange lag frå Hordaland som rykker ned frå 2.divisjon. O spenning - oppdatering på utfallet av dette dramaet får du sjølvsagt eksklusivt her! Men først er det haustferie:)