tirsdag, mai 02, 2006

Om vér og vind

Kjære godtfolk!

Tida er nok ein gong moden for nokre ord frå sunnmøringen i eksil i Kristiansand. I mangel på spanande nyhende og pirrande avsløringar å melde om, vel eg i dag å ta eit lite oppgjer med véret her nede på Palmekysten. Dei klimatiske føremonene med å flytte ned hit har førebels ikkje vist seg å vere imponerande. Vi skriv no 2.mai, og i ettermiddag måtte eg faktisk gå til det skritt å skru opp varmen på ovnen her i stova - dette verkar ulogisk ut frå det eg var lova av gode sørlendingar. Shortsen ligg framleis godt planta i skapet, tidspunkt for den første softisen har framleis ikkje vore ei aktuell problemstilling og badetemperaturen har framleis ikkje vore mogleg å måle gjennom den tjukke isen - alt dette medan mor kan melde om 15-20 grader på Nordvestlandet..sukk... Når sant skal seiast, og det skal det jo, så lovar Meteorologisk Institutt betre tider, og eg vel derfor å gi Palmekysten ein ny sjanse, men no bør vergudane sant å seie kome opp med noko deilig for å rette opp inntrykket.

Vel, nok om vér og vind - blir jo fort kjedelig den slags. Det som derimot ikkje blir kjedelig er Molde FK. Siger over bartelaget på Lerkendal var i sanning eit høgdepunkt av dei sjeldne, og gir grunn til optimisme framfor nok ein tøff batalje mot Brann i morgon, men også for heile sesongen. Du for ein balsam det hadde vore for sjela om Stavrum sine utvalte kunne halde seg unna botnstriden denne sesongen - la oss heller gå for medaljane! Helten over alle heltar på Lerkendal var keeperen med namnet som får tankane til å gå til Sunnmøre (oppskrift: set saman to namn som eigentleg ikkje passar saman, så får du i alle fall eit namn som ganske få andre har). Jan Kjell fortener heilt klart eit bilete her på bloggen - ei kjempe mellom menn!



Nok for i dag, men lovar å kome snart tilbake, om ikkje anna enn for å bøte på kritikken om at bloggen manglar anekdotar. Anekdotar kjem, berre vent!

3 Comments:

Blogger Oddvin said...

Jeg må si meg hjertens enig i din meteorologiske melankoli. Selv bevilget jeg meg årets første sommer-is idag, men det var nok heller en form for trøstespising etter å ha kjent smaken på det gode liv ved å bade i 34 grader på babysvømming i formiddag. Stusselig, ja i sannhet stusselig her på Sørlandet! Tankene flyr heller mot varmere strøk, mot Sunnmøre og Vestlandet hvor man på nyhetene ser folk bade og sole seg. Ja, de er heldige Jan Kjell, Magne Per, Magne Kjell, Petter Trond og Oddvar Leif som nå går i shorts og spiser is.....

14:39  
Anonymous Anonym said...

Eit par kommentarar:
Veret på nordvestlandet er for tida kanonbra.
Brann er for tida kanonbra.
-skjøner godt livet er så som så for tida sverre. Neste opptur kan umogeleg ligge langt unna. Framnes kan fort bli ein slik opptur, det treng du. Gleder meg med deg.

10:05  
Blogger Sverre Strandamann said...

Bjarte! Hyggelig! Oppturar og nedturar går hand i hand her i livet, for både Brann og andre. Vonar Åndalsnes har vore ein gedigen opptur for deg - kva skjer no?

12:24  

Legg inn en kommentar

<< Home