torsdag, mai 18, 2006

"Alt henger sammen med alt"

Hei igjen!

"Alt henger sammen med alt" sa moder Gro ein gong. Sjeldan har vel nokon hatt meir rett, og sjeldan har vel nokon blitt meir urettmessig latterliggjort. Det er ikkje alltid like lett å bli forstått, og slik har nok Gro ofte følt det også. Derfor var det nok berre rett og rimeleg at ho fann det for godt å søke nye utfordringar i eit framandt land den gongen for nokre år sidan - alt heng jo som kjent saman med alt. No kjenner eg det er på tide å ta opp igjen arven etter Gro, og det er såleis berre rett og rimeleg å dedikere dette innlegget til vår ex-landsmoder.


Du sit kanskje der og tenkjer at dette kan ikkje stemme - alt kan vel ikkje henge saman med alt? Er det mogleg? Svaret er enkelt: ja. Gro har jo sagt det. Og om du framleis tvilar; gi meg ei utfordring, så vil eg (moglegvis med hjelp frå Gro) syne at påstanden på ingen måte er tatt ut av lufta.

Til slutt er det freistande å peike på ein samanheng som nok kan forklarast, men likevel gir grunn til undring. Når TINE vel å selje raspa Norvegia (også kalla pizzaost) til ein kilopris som er lågare enn ost i blokk, eller klump om du vil - betyr det at Norvegiaklumpen ein kjøper i butikken er eit produkt av mange små bitar av raspa Norvegia?

8 Comments:

Blogger Øyvind said...

Ka e sammenhengen mellom ein stein og brettspillet RISK? Eller sjokoladepudding og det faktum at eg va treig på 16.mai?

23:44  
Anonymous Anonym said...

Jeg ser nå ofte på forskjeller og da er mitt spørsmål: Hva er forskjellen på et ekorn og Bottenham?

08:32  
Blogger Sverre Strandamann said...

Føler kanskje at dokke ikkje tar moder Gro på alvor med desse utfordringane, men la gå...
Øyvind: Samanhengen mellom sjokoladepudding og det at du var treig på 16.mai er så opplagt at det nesten blir for dumt å kommentere. Men altså; du var treig fordi du hadde stappa i deg så mykje pudding at det nesten ikkje var mogleg for deg å reise deg frå godstolen. Stein heng saman med Midt-Austen-konflikta, der dei til tider kastar stein på kvarandre, utan å tenkje seg om. Konflikta i Midt-Austen er vidare ein viktig del av spelet RISK. Har du kontroll på Midt-Austen kan du fort vinne. Dette var lett Øyvind. Når er det forresten RISK igjen?
Steinar: Å sjå på skilnader i denne konteksten er noko nær ei fornærming mot moder Gro. I ekte Gro-ånd vil eg derfor påpeike ein markant samanheng mellom ekorn og Bottenham: dei sit begge igjen med (pea)nøtter til slutt. Ha-ha...

13:04  
Anonymous Anonym said...

Det er faktisk bare nesten sant Sverre. For de av dere som har følt med på Champions League i år vet nemlig at ekornet har Champions League erfaring, det har derimot ikke Tottenham.

61 and never again...

22:13  
Blogger Cecilie said...

Hei Sverre!
Og takk for seinast! Nå som jeg endelig vet hvem du er, måtte jeg bare kikke innom på bloggen din.

Grunnen til at raspa ost er billigere enn ost i klump, er at de rasper opp det som er for smått til å selge i klump og det som ikke ser pent nok ut, det som er begynt å mugle litt, eller har for store, små, få eller mange hull osv. Det er i hvert fall min teori. Nå er forresten skivet ost fra Synnøve billigere enn liten synnøve-klump, men dyrere enn stor klump.

23:22  
Blogger Sverre Strandamann said...

Takk for sist ja, Cecilie - godt å vite kven du er, også utanfor den interaktive verda! Interessant innspel om osteprisar - godt mogleg du har rett, sjølv om eg ikkje er særleg begeistra for tanken om at den raspa osten kanskje delvis består av mygla ost...

10:13  
Anonymous Anonym said...

Looking for information and found it at this great site... scholarship award templates Cuffs blouse baccarat logo markings http://www.short-term-health-insurance-6.info/Commercial-union-life-insurance.html Mp3 players ebay scholarships for vocational education in nebraska harveys sportsbook Free sexy teens photos Quebec roulette tente Web cams gratuit sex Online financial accounting teaching Education finance Pilates downloads exercise

01:47  
Anonymous Anonym said...

This is very interesting site... Cephalexin cialis bulk email marketing service celexa price Create teacher web page design Whirlpool tub faucet Free single dating sites fishing black dating Dell laptop speaker pharmacies Atlanta infiniti dealers car daytona ferrari kit Accutane legal advice Super mario sunshine cheats for game cube oral surgery recipes

21:25  

Legg inn en kommentar

<< Home