torsdag, september 28, 2006

Fakta om Norheimsund - del 2

Der er du igjen ja - velkomen skal du vere!

Eg lova dykk meir harde fakta om Norheimsund, og sidan eg er ein mann som står ved mine ord kan eg no stolt presentere del 2 i denne serien. Om det blir fleire delar vil mellom anna avhenge av responsen. Vil folket ha meir Norheimsund-kunnskap, eller nærmar det seg eit metningspunkt når de er ferdig med dette innlegget?

Nuvel, la oss likegodt fyre avgarde. I førre innlegg blei ordførar Sellesvold via merksemd, men noko meir om det kommunale regimet her i Kvam blei ikkje avslørt. Det folk flest i dette landet kallar kommunestyre, kallar ein her for heradsstyre - eit flott ord om eg skal seie det sjølv! Heradsstyret i Kvam er samansett av 27 representantar. Ap og Sp er dei største partia, med 6 representantar kvar. Vidare har KrF og Høgre fire kvar, medan SV, Venstre og Frp har 2 kvar. Heilt åleine er ein uavhengig representant, førebels usikker på kva han får utretta...



Når det gjeld arbeidsløysa i kommunen, verkar situasjonen å vere under kontroll. Eg har førebels ikkje møtt ein einaste arbeidsledig, og noko kø på aetat har eg heller ikkje registrert. Kvemmingane (folkesetnaden her blir kalla det) er nok eit folkeslag som alltids finn seg noko å gjere om det skulle knipe. Barnehagedekninga i kommunen er eg meir usikker på, men eg har heller ikkje sett nokre små barn tulle rundt på eiga hand, så det ser ut til at også dette er teke godt hand om av heradet.

Noko eg derimot er sikker på, er det lokale fotballaget Norheimsund IL Hardanger si tabellplassering i 3.divisjon, avdeling 15. Etter ei relativt respektabel innleiing på sesongen, har det butta kraftig imot dei siste rundane, og med seks strake tap har det unge mannskapet rota seg inn i botnstriden, og ligg i skrivande stund tredje sist berre to rundar før slutt. Håpet er å snu trenden og gi Loddefjord bank til helga - då er plassen sikra. Skulle den planen skjere seg kan ein risikere å måtte slå topplaget Voss borte i siste runde. Det er førebels uavklart om to eller tre lag rykker ned. Det blir mellom anna bestemt av kor mange lag frå Hordaland som rykker ned frå 2.divisjon. O spenning - oppdatering på utfallet av dette dramaet får du sjølvsagt eksklusivt her! Men først er det haustferie:)

7 Comments:

Blogger ~RunE~ said...

Jeg skjønner knapt nok hva du skriver, og respekterer deg for det. Nå nærmer det seg søndag, blir moro for minst 1 av oss. Godt å høre at ungene ikke rangler rundt downtown Nordheimsund, har jeg forstått deg rett da???

13:12  
Blogger Sverre Strandamann said...

Søndagen blei desSverre mest fest for sørlendingane, men nervane er framleis under kontroll.. Set elles pris på at heile to personar har vist interesse for fakta om Norheimsund - det er likevel ikkje fleire enn at eg førebels er i tenkeboksen når det gjeld del 3. Elles skal du vite at på Cubus er du alltid velkomen Steinar, tippar suget er på stigande!

13:11  
Anonymous Anonym said...

Sjølvsagt må me høyra meir om Kvam herad!! Korleis er det med Haukeliekspressen, køyrer dei framleis innom Nordheimsund sentrum (Rune; downtown)?
Og Rune - du må finne fram den synorske mordlista...
-Anonym i dag Gaute-

15:13  
Blogger anette said...

Kjenner jeg blir litt skeptisk til den såkalte "jobben" din jeg, Sverre,..dersom du hele tiden er i stand til å registrere en eventuell kø på Aetat...hmm.

12:38  
Blogger Sverre Strandamann said...

Du har eit poeng, Anette - kanskje ikkje så rart at det ikkje er kø utanfor aetat mellom eg er ferdig på jobb kl 22 på kvelden og før eg byrjar igjen sånn i 7-tida.., må nok finne ein annan måte å måle arbeidsløysa på... Anonyme Gaute: Haukeliekspressen svingar framleis innom downtown Norheimsund, og ikkje nok med det: den stoppar 53 meter frå døra vår. Vel møtt!

18:14  
Blogger ~RunE~ said...

Er det noen som vet om denne bloggen er lagt ned???

14:45  
Blogger Sverre Strandamann said...

Svært så bråkjekke vi blei då Østreim..

10:49  

Legg inn en kommentar

<< Home