mandag, september 18, 2006

Fakta om Norheimsund

Kjære vener av Hardanger!

No har vi budd i Norheimsund i noko over ein månad, og eg byrjar å føle meg kompetent til å lære dykk eit og hint om bygda, som de kanskje ikkje visste frå før.

For det første bør det nemnast at Norheimsund er ein del av Kvam kommune, eller herad som det heiter her. Norheimsund konkurrerer med Øystese, som ligg ein 5-minutts biltur unna, om å vere kommunesenter. Rådhuset ligg i Norheimsund, eit opplagt kriterie for å bli kommunesenter. På den andre side ligg jo bowlingen i Øystese, og det gjer meg noko meir i tvil igjen. Andre tettstader i kommunen er mellom anna Vikøy, Ålvik, Tørvikbygd, Omastrand og Strandebarm. Totalt bur det om lag 8300 innbygjarar i Kvam herad, men her snakkar vi vekstkommune, der lokalpolitikarane har klemt til med ei målsetjing om å runde 10000 innbyggjarar i løpet av nær framtid.


Ordføraren i kommunen heiter Astrid Farestveit Selsvold (Ap). Trass i at kommunen etter måten er liten og oversiktleg har eg framleis ikkje møtt denne dama, men ut frå trivselnivået eg kjenner til mellom kommunen sine innbyggjarar, tek eg det for gitt at ho gjer ein heilt topp jobb. Eit svært tillitsvekkjande trekk er det at ho har sin eigen blogg! Den kan du ta ein nærmare kikk på her

Dette var berre litt innleiande informasjon om tilhøva i Norheimsund og Kvam. Eg lovar å kome tilbake med meir informasjon arbeidsløyse, barnehagedekning, tabellposisjon for det lokale fotballaget osv.


Til slutt vil eg berre påpeike at vi allereie har hatt besøk av opptil fleire her, og eg finn det merkeleg at Anette i nord trekk besøkstalet i tvil. Kan det ha noko med eigne erfaringar å gjere?

7 Comments:

Blogger Oddvin said...

Kjekt å sjå at de er i ferd med å integrerast. Å lære dei lokale kodane, kunne gå heilt naturleg inn på mix-kiosken på kaia utan å få skeive blikk, det å til dømes kunne bestille hamburger med alle ingrediensane utan å måtte gjenta noko fordi berta bak disken ikkje skjønar deg; å engasjert diskutere fordelar og ulemper ved at ein planlegg nye fartsdumpar i 40-sona (det som før var 50-sona); om det er i ferd med å verte slik Sverre, er det nok ikkje lenge før du er dus med ho "Astrid med blogg"

23:16  
Blogger anette said...

Ok, sverre..undertegnede skal i det følgende komme frem til en ydmyk erkjennelse..: Jeg er nok rett og slett litt misunnelig!..og litt "lessan" for at deres besøkende ikke stikker innom 69'nord på veien..

14:03  
Blogger ~RunE~ said...

Ålvik som kommunesenter!!!!! Utrolig at ikke denne vakre hardangerbygde med sitt yrende folke -og næringsliv blir satt mer pris på. Kanskje en kampsak for de nyinnflyttede?

Ellers venter jeg spent på fotballoppdatering fra vest.

17:09  
Blogger Sverre Strandamann said...

Kjenner meg ikkje heilt klar til å ta kampen for Ålvik som kommunesenter, går heller for Norheimsund. Anette: besøk kjem det nok til dokke også etter kvart, men det er jo klart at folk ventar til huset er klart, ikkje sååå kult å bu i gamme.. Oddvin: når skal du kome i gang igjen med blogginga?

09:41  
Blogger anette said...

Rettelse: ikke 69' men 70' nord...

12:10  
Blogger anette said...

Sverre...: I dag får vi besøk!!!:)

14:48  
Blogger Sverre Strandamann said...

Moro Anette! Nyt det mens du kan!

17:34  

Legg inn en kommentar

<< Home