Ein sumar forbi
Der var jammen ein sumar gått, og vi har vore på plass i Norheimsund i snart tre veker allereie. Etter 11 år i meir urbane strok, er det på mange vis godt å kome til ein plass som faktisk minner ein del om Stranda. Her er noko meir enn 3000 innbyggjarar, fjord og fjell på alle kantar og trivsel i høgsetet! Vi har busett oss downtown i penthousen på Cubus, den lokale puben, som viser fotballkampar i ny og ne, er næraste nabo, og elles i rusleavstand til alt ein kan ønskje seg innan detaljhandelen. Ikkje kom her og påstå at vi bur grisgrendt!
Sidan det har blitt eit lite hol i livshistoria mi her inne, kan eg kort oppsummere korleis sommaren fortona seg for familien Lindøy, akkompagnert av eit par snapshots som seier ein heil del.
Først av alt er det viktig å forklare at grunnen til at vi er så brune på bileta er at vi vart forfølgd av sol og godvér sommaren gjennom. Det er altså ikkje juks, he-he.. Regnbiletet er tatt med fordi det representerte eit aldri så lite unntak - då vi nær blei kvesta av lynet på vår veg ned igjen frå Grjøtet på Sunnmøre. Litt skummelt og litt moro...
Noregsferien inneheldt mellom anna glade hyttedagar i Søgne og på Færøyna, besøk hos foreldre, besteforeldre og vennar, fjelltur i Tafjordfjella. Hondaen fekk køyrt seg litt denne sommaren også. Det medførte at vi måtte skifte ut eksosanlegget, sjølv om det var gøy med litt frieksos også, for ei lita stund..
Når vi har fått budd oss litt meir inn her i Hardanger lovar eg å kome tilbake med høgdepunkt frå både bygde- og skuleliv. I mellomtida ser eg gjerne at de finn fram almannaken for å finne ut kva tid de har anledning til å avlegge denne vakre landsdelen eit besøk!
8 Comments:
Jeg er glad dere ikke blei kvesta av lynet.. Høres ut som dere har hatt en bra sommer da! Bare synd vi ikke fikk sett noe til dere.. Så må kanskje finne fram almanakka nå..:) Blir spennende å få høre om hverdagen i Hardanger etterhvert! Lykke til med nye elever og kollegaer! Dere er tøffe!;)
Og jeg er glad for du endelig deler med oss på verdensveven. Det er vel også på sin plass å ønske gamle elever lykke til med nye lærere, er det ikke? Du får sjekke om det er ledig i H & M-huset for en familie på 4, pluss en eventuell hund...
Hund?
Alle med respekt for kjernefamiliens idealer må da ha en livsglad og snill golden retriver, eller er det jeg som har misforstått?
Finn fram almanakken Anette, vi kan tilby både husrom og hjarterom:) Dessverre finst det ikkje noko H&M-hus her oppe, Rune, men sjå ikkje bort frå at det byr seg sjansar ved Straumen-senteret, eller kanskje i kjellaren til Mo Sport? Hjarteleg velkomen skal dokke i alle fall vere, både på besøk og som fastbuande! Meir usikker på kor god denne hundeideen er
På tide med no ny info her Sverre!!
Jeg har da hatt den glede av å ha vært på besøk til sol og sverre!! God plass i leilighet, god pizza bare noen skritt unna, god dessert og supre verter:) Unn deg en ferie i Hardanger. Love
Anonymous...love... DEN gikk vi nok ikke på Sverre! Tenk å legge inn en egen kommentar, og dermed late som om dere har hatt besøk, for å "lokke" til seg nye besøkende!! Du er ikke sann Strandasmann!
Legg inn en kommentar
<< Home