torsdag, mai 18, 2006

"Alt henger sammen med alt"

Hei igjen!

"Alt henger sammen med alt" sa moder Gro ein gong. Sjeldan har vel nokon hatt meir rett, og sjeldan har vel nokon blitt meir urettmessig latterliggjort. Det er ikkje alltid like lett å bli forstått, og slik har nok Gro ofte følt det også. Derfor var det nok berre rett og rimeleg at ho fann det for godt å søke nye utfordringar i eit framandt land den gongen for nokre år sidan - alt heng jo som kjent saman med alt. No kjenner eg det er på tide å ta opp igjen arven etter Gro, og det er såleis berre rett og rimeleg å dedikere dette innlegget til vår ex-landsmoder.


Du sit kanskje der og tenkjer at dette kan ikkje stemme - alt kan vel ikkje henge saman med alt? Er det mogleg? Svaret er enkelt: ja. Gro har jo sagt det. Og om du framleis tvilar; gi meg ei utfordring, så vil eg (moglegvis med hjelp frå Gro) syne at påstanden på ingen måte er tatt ut av lufta.

Til slutt er det freistande å peike på ein samanheng som nok kan forklarast, men likevel gir grunn til undring. Når TINE vel å selje raspa Norvegia (også kalla pizzaost) til ein kilopris som er lågare enn ost i blokk, eller klump om du vil - betyr det at Norvegiaklumpen ein kjøper i butikken er eit produkt av mange små bitar av raspa Norvegia?

tirsdag, mai 02, 2006

Om vér og vind

Kjære godtfolk!

Tida er nok ein gong moden for nokre ord frå sunnmøringen i eksil i Kristiansand. I mangel på spanande nyhende og pirrande avsløringar å melde om, vel eg i dag å ta eit lite oppgjer med véret her nede på Palmekysten. Dei klimatiske føremonene med å flytte ned hit har førebels ikkje vist seg å vere imponerande. Vi skriv no 2.mai, og i ettermiddag måtte eg faktisk gå til det skritt å skru opp varmen på ovnen her i stova - dette verkar ulogisk ut frå det eg var lova av gode sørlendingar. Shortsen ligg framleis godt planta i skapet, tidspunkt for den første softisen har framleis ikkje vore ei aktuell problemstilling og badetemperaturen har framleis ikkje vore mogleg å måle gjennom den tjukke isen - alt dette medan mor kan melde om 15-20 grader på Nordvestlandet..sukk... Når sant skal seiast, og det skal det jo, så lovar Meteorologisk Institutt betre tider, og eg vel derfor å gi Palmekysten ein ny sjanse, men no bør vergudane sant å seie kome opp med noko deilig for å rette opp inntrykket.

Vel, nok om vér og vind - blir jo fort kjedelig den slags. Det som derimot ikkje blir kjedelig er Molde FK. Siger over bartelaget på Lerkendal var i sanning eit høgdepunkt av dei sjeldne, og gir grunn til optimisme framfor nok ein tøff batalje mot Brann i morgon, men også for heile sesongen. Du for ein balsam det hadde vore for sjela om Stavrum sine utvalte kunne halde seg unna botnstriden denne sesongen - la oss heller gå for medaljane! Helten over alle heltar på Lerkendal var keeperen med namnet som får tankane til å gå til Sunnmøre (oppskrift: set saman to namn som eigentleg ikkje passar saman, så får du i alle fall eit namn som ganske få andre har). Jan Kjell fortener heilt klart eit bilete her på bloggen - ei kjempe mellom menn!



Nok for i dag, men lovar å kome snart tilbake, om ikkje anna enn for å bøte på kritikken om at bloggen manglar anekdotar. Anekdotar kjem, berre vent!