torsdag, august 24, 2006

Ein sumar forbi

Der var jammen ein sumar gått, og vi har vore på plass i Norheimsund i snart tre veker allereie. Etter 11 år i meir urbane strok, er det på mange vis godt å kome til ein plass som faktisk minner ein del om Stranda. Her er noko meir enn 3000 innbyggjarar, fjord og fjell på alle kantar og trivsel i høgsetet! Vi har busett oss downtown i penthousen på Cubus, den lokale puben, som viser fotballkampar i ny og ne, er næraste nabo, og elles i rusleavstand til alt ein kan ønskje seg innan detaljhandelen. Ikkje kom her og påstå at vi bur grisgrendt!

Sidan det har blitt eit lite hol i livshistoria mi her inne, kan eg kort oppsummere korleis sommaren fortona seg for familien Lindøy, akkompagnert av eit par snapshots som seier ein heil del.



Først av alt er det viktig å forklare at grunnen til at vi er så brune på bileta er at vi vart forfølgd av sol og godvér sommaren gjennom. Det er altså ikkje juks, he-he.. Regnbiletet er tatt med fordi det representerte eit aldri så lite unntak - då vi nær blei kvesta av lynet på vår veg ned igjen frå Grjøtet på Sunnmøre. Litt skummelt og litt moro...



Noregsferien inneheldt mellom anna glade hyttedagar i Søgne og på Færøyna, besøk hos foreldre, besteforeldre og vennar, fjelltur i Tafjordfjella. Hondaen fekk køyrt seg litt denne sommaren også. Det medførte at vi måtte skifte ut eksosanlegget, sjølv om det var gøy med litt frieksos også, for ei lita stund..

Når vi har fått budd oss litt meir inn her i Hardanger lovar eg å kome tilbake med høgdepunkt frå både bygde- og skuleliv. I mellomtida ser eg gjerne at de finn fram almannaken for å finne ut kva tid de har anledning til å avlegge denne vakre landsdelen eit besøk!